Taleflytvanskar
Barn og elevar med taleflytvanskar kan ha utfordringar med å kommunisere på ein klar og tydeleg måte.
De som jobbar i barnehagar og skular, bør vite kva som kjenneteiknar taleflytvanskar, og korleis de best mogleg kan leggje til rette for kvart enkelt barn eller kvar enkelt elev.
Taleflytvanskar er eit samleomgrep for stamming og løpsk tale. Stamming er å repetere, forlengje og blokkere lydar og småord. Løpsk tale er hurtig og utydeleg tale. Begge vanskane gjer at talen flyt dårlegare, og bidreg til at kommunikasjon kan vere utfordrande.
Taleflytvanskar er som oftast medfødde. Dei som får det, har genetisk sett anlegg for å utvikle taleflytvanskar, og vanskane utviklar seg ulikt hos kvar enkelt.
For somme kan symptoma komme alt i tidleg barnehagealder, mens andre utviklar taleflytvanskar når dei er eldre.
Stamming
Stamming er ein talemotorisk vanske med ufrivillige stopp i taleflyten hos den som snakkar. Barn og elevar som stammar, repeterer, forlengjer og blokkerer lydar og småord. Dette kan medføre at dei får spenningar i lepper, tunge og kjeve, og vanskar med pusten.
I nokre tilfelle kan eit barn eller ein elev byrje å stamme som følgje av ein sjukdom eller skade som påverkar nervebanene i hjernen. Somme kan òg byrje å stamme som følgje av ein psykisk belastande situasjon.
Løpsk tale
Barn og elevar med løpsk tale har vanskar med å uttrykkje seg klart, og opplever ofte at dei ikkje blir forstått – dels fordi dei snakkar fort og utydeleg, dels fordi orda ikkje kjem i ei forståeleg rekkjefølgje. Somme med løpsk tale stammar i tillegg.
Skal ein kunne støtte barn og elevar med taleflytvanskar på ein god måte, er det viktig å fange opp behovet til den enkelte og setje inn tilpassa tiltak.
Stamming
Dei tre høyrbare og synlege hovudtrekka ved stamming er
- repetisjonar av lydar, stavingar og småord
- forlenging av lydar
- blokkeringar av lyd eller luft
I tillegg til dei høyrbare hovudtrekka vil barn og elevar med stamming ofte utvikle negative reaksjonar på taleflytbrota, negativt sjølvbilete og frykt for å kommunisere munnleg. Nokre barn eller elevar vel andre ord når dei trur dei kjem til å stamme. Dei kan bruke strategiar for å skjule stamminga i så stor grad at det tek mykje kapasitet og fokus. Ofte kan dei gjere dette utan at de legg merke til det.
Løpsk tale
Mange tenkjer at løpsk tale handlar om høgt tempo, men det er berre delvis rett. Det som høyrest raskt ut, kan like gjerne komme av at
- talen blir utydeleg
- ord og endingar fell bort
- naturleg ikkje-flyt gjer talen uregelmessig på litt andre måtar enn hos eit barn eller ein elev utan løpsk tale
Vanlege kjenneteikn på løpsk tale kan vere at barnet eller eleven
- snakkar fort og støytvis og ofte aukar tempoet utover i ytringa
- har vanskar med å halde «den raude tråden»
- har mange oppattakingar av stavingar og ord
- utelèt lydar og stavingar
- har utydeleg uttale
- ikkje tek pausar, eller tek pausar på uvanlege stader
- snakkar med mange digresjonar og assosiasjonar
- har manglande fokus på samtalepartnaren
- har vanskar med å vere konsentrert over tid
Heilskapleg kartlegging
Kartleggingsprosessen ved stamming og løpsk tale er heilskapleg. Det er ikkje berre talen som blir kartlagd, men òg sosiale forhold og korleis barnet eller eleven handterer taleflytvanskane. Hovudsakleg er det ein logoped som kartlegg, i samarbeid med PPT. Kartlegging av stamming og løpsk tale har mange fellestrekk. Det er viktig å hugse at mange faktorar kan verke inn på taleflytutviklinga, og at behova for støtte og rettleiing ofte endrar seg undervegs i livsløpet.
Faktorar logopeden vanlegvis kartlegg, er
- taleflytbrot og -strev
- korleis barnet eller eleven opplever taleflytvansken
- kommunikasjon
- sosiale forhold
Utgreiing
Utgreiingsprosessen føreset eit godt samarbeid mellom fleire aktørar. Særleg foreldre, barnehagen/skulen, logopeden og PP-tenesta er sentrale.
Foreldre som er bekymra for barnet sitt, kan kontakte barnehagen, skulen og PP-tenesta. Foreldra kjenner barnet sitt, og deira tankar og bekymringar om taleflytvansken til barnet er noko ein bør ta på alvor og lytte til. Nokre barn med taleflytvanskar kan vise andre sider av snakkinga si heime enn dei gjer når dei kommuniserer i meir strukturerte omgivnader. Erfaringane og observasjonane foreldra har gjort over tid, er viktig informasjon ved utgreiing.
Barnehagen og skulen har eit godt grunnlag for å få oversikt over korleis kommunikasjonen til barnet eller eleven fungerer. Ein elev med taleflytvanskar kan ha utfordringar med å uttrykkje meiningar og vise kompetansen sin. De bør vere ekstra merksame på situasjonar som til dømes
- munnlege framlegg
- høgtlesing
- vurderingssituasjonar
Snakk med barnet eller eleven om kva strategiar som er mest hjelpsame for at hen skal kunne snakke så fritt som mogleg. Barn og elevar med taleflytvanskar kan oppleve at det er utfordrande å få innpass i samtalar med jamaldra. Nokre barn og elevar blir derfor meir stille enn dei eigentleg ville vore. De kan tilvise til PP-tenesta for vidare kartlegging og utprøving av tiltak.
PP-tenesta bidreg med kompetanse og rådgiving til barnehagar, skule og foreldre. Ofte er det ein logoped som bidreg med vidare kartlegging av taleflytvanskane. Kartlegginga handlar òg om korleis barnet fungerer i kommunikasjon og sosialt. PP-tenesta kan informere om korleis det vidare logopedtilbodet er organisert i kommunen.
Barne- og ungdomspsykiatrien (BUP) eller habiliteringstenesta (HABU) greier ut og diagnostiserer ved mistanke om sameksisterande vanskar, til dømes autismespekterforstyrringar eller merksemdsvanskar. Det kan òg vere aktuelt dersom barnet eller eleven har psykososiale vanskar i tillegg til taleflytvanskane. Fastlegen tilviser til spesialisthelsetenesta.
Taleflytvanskar blir opplevde ulikt frå person til person. For mange barn og elevar med taleflytvanskar er talesituasjonar vanskelege, og dei har behov for tilrettelegging for å oppleve auka meistring.
At de samarbeider tett med foreldre og logoped, er avgjerande for heilskapleg tilrettelegging.
Det er viktig at de har ein god og open dialog for at barna og elevane skal få best mogleg støtte. Mange elevar kan sjølve fortelje om kva situasjonar som er vanskelege, og korleis de kan leggje til rette for å hjelpe.
Mange barn og elevar vil ha nytte av at de
- skaffar dykk kunnskap om taleflytvansken
- viser interesse for korleis barnet eller eleven sjølv opplever taleflytvansken
- deler inn klassen eller barnegruppa i mindre grupper, slik at det blir lettare for barnet eller eleven å vere munnleg aktiv
Ver gode kommunikasjonspartnarar
At de er gode kommunikasjonspartnarar, er spesielt viktig for barn og elevar som har utfordringar med å snakke. Ein god hugseregel når de snakkar med barn med taleflytvanskar, er å prøve å fokusere på det dei seier, ikkje korleis dei seier det. I tillegg kan det vere lurt å hugse på å
- gi dei tid til å snakke ferdig
- ikkje avbryte eller fullføre ord eller setningar for dei
- halde naturleg augekontakt
- vere ærlege om de ikkje forstår det som blir sagt
- leggje inn gode pausar når de snakkar
- vere ein tolmodig lyttar
Hjelpemidler for personer med taleflytvansker (NAV hjelpemiddelsentral)
Les meir: Tilrettelegging for barn og elever med behov for ekstra støtte