Utviklingshemming

Det å ha ei utviklingshemming påverkar korleis ein fungerer, på fleire område. Mellom anna bruker barn og elevar med utviklingshemming lengre tid enn andre på å lære kommunikasjon, språk, ferdigheiter og kunnskap. Grada av utviklingshemming har mykje å seie for kor lang tid det tek å lære og utvikle nye ferdigheiter.

De som jobbar i barnehagar og skular, bør vite kva som kjenneteiknar dei ulike gradene av utviklingshemming, og korleis de best mogleg kan leggje til rette for kvart enkelt barn eller kvar enkelt elev.