Teiknspråk

Norsk teiknspråk blir brukt av døve, høyrselshemma og høyrande som kan språket. Barn og elevar som har nedsett høyrsel, har rett til opplæring i og på teiknspråk. Det er viktig at dei får støtte på eit tidleg tidspunkt, og den hjelpa dei har krav på.

Norsk teiknspråk er det offisielle teiknspråket i Noreg, og som språkleg og kulturelt uttrykk er det likeverdig med norsk. Norsk teiknspråk er ikkje ein kommunikasjonsmetode for menneske med nedsett funksjonsevne, men eitt av dei mange språka som blir brukte i Noreg.

Til liks med teiknspråka til andre nasjonalitetar blir norsk teiknspråk uttrykt gjennom bruk av hender, ansikt, hovud og overkropp, og det blir oppfatta gjennom synet. Det har sin eigen grammatikk og setningsbygnad, og er ikkje ei visualisering av norsk skrift- og talespråk.

Mellom 16 000 og 20 000 personar i Noreg snakkar teiknspråk. 3000–5000 av desse er døve. Dei aller fleste som bruker teiknspråk, er to- eller fleirspråklege.

Teiknspråk i eit inkluderande fellesskap

I barnehagen og skolen bør de skape eit språkmiljø der eit barn eller ein elev med nedsett høyrsel får utvikle teiknspråket sitt naturleg. I tillegg til tilsette med høg teiknspråkkompetanse bør òg resten av dykk lære teiknspråk. Dersom de i personalet er engasjerte i teiknspråk, vil ofte dei høyrande barna òg ta til seg teiknspråket og synast at det er morosamt. Dette skaper eit godt og inkluderande miljø for barnet eller eleven som bruker teiknspråk.

Rettar for barn og elevar med nedsett høyrsel

Barn og elevar med nedsett høyrsel kan ha rett på ekstra tilrettelegging i barnehagen og skulen. 

Rettar for barn under opplæringspliktig alder med nedsett høyrsel

Rettar for elevar med nedsett høyrsel i grunnskulen og videregåande opplæring

Statped har nyttige ressursar om teiknspråk i barnehagen og skolen