Forsøk om vurdering i orden og oppførsel utan karakter

Frå skoleåret 2023-24, skal om lag 80 skolar delta i eit treårig nasjonalt forsøk med vurdering i orden og oppførsel utan karakter. På sikt kan dette bli eit alternativ til dagens ordning med karakter.

Grunnlaget for vurdering i orden og oppførsel er skoles eigne reglar. Læraren skal gjennomføre ei heilskapleg vurdering av eleven over ein lengre tidsperiode. Karakterskalaen skil seg frå vurdering i fag ved at eleven berre går ned i karakter. Karakteren kan likevel berre setjast ned frå god (G) til nokså god (Ng) ved klare avvik. Eller i ekstraordinære tilfelle til lite god (Lg) ved store avvik frå vanleg orden og oppførsel.

Sjøv om det er overordna nasjonale føringar for utforminga av skolereglane, er det rom for store lokale variasjonar. Karakterane i orden og oppførsel kan dermed vere uttrykk for ulike ting, avhengig av skolens tolkinga.

Formålet med vurdering i orden og oppførsel er å fremje sosial læring, medverke til eit trygt og godt skolemiljø og gi informasjon om ordenen og oppførselen til eleven.

Gjennom forsøket ønskjer vi å innhente kunnskap. NIFU (Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning) skal evaluere forsøket på oppdrag frå Udir, og deltaking i forsøket føreset eit samarbeid med forskingsmiljøet.

Skal vurderast på andre måtar

Sjølv om vi fjernar karakteren i forsøket, skal elevane framleis vurderast i både orden og oppførsel. Skolane har ansvar for å vidareutvikle ein vurderingspraksis utan karakter i forsøksperioden, og utforske andre metodar å gi tilbakemelding til elevane som erstattar karakteren. Vi oppmodar deltakarane til å danne regionale og/eller lokale nettverk for samarbeid og erfaringsdeling dersom det er mogleg.

NIFU har forma ut forsøket i samarbeid med Udir, og delt inn deltakarskulane i tre tiltaksgrupper.

  • Tiltaksgruppe 1 skal (utover det som er kravet i forskrifta) gjennomføre samtalar mellom kontaktlærar og elev der det blir felles sett mål som blir jobba med fram til neste samtale. NIFU har laga forslag til kva elevsamtalane kan innehalde.
  • Tiltaksgruppe 2 skal (utover det som er kravet i forskrifta) gjennomføre elevsamtalar og i tillegg eit elevseminar der orden og oppførsel er tema. Målet med seminaret er at elevar og lærarar oppnår ei felles forståing av ønskt orden og oppførsel på skulen. NIFU har laga eit forslag til kva eit slikt seminar kan innehalde.
  • Tiltaksgruppe 3: Deltakarskolane har ansvar for å utforske og vidareutvikle ein vurderingspraksis som kan erstatte bruk av karakterar. Det er ikkje stilt krav til deltakarane i denne gruppa utover dei krava som følgjer av forskrifta.

Resultat frå prosjektet

Vi vil formidle resultat frå prosjektet undervegs i forsøksperioden. Første delrapport er planlagd i januar 2025, medan sluttrapporten er planlagd haust 2026

Webinar

24. januar gjennomførte vi eit webinar på Teams om forsøket. Du ser det nedanfor: