Langtidsoppgåva i engelsk 2
I langtidsoppgåva i engelsk 2 skal elevane utvikle sitt eige prosjekt basert på eit gitt tema og eit utval kompetansemål.
Elevane skal lese eit utval av tekstar (inkludert sjølvvalde), formulere ei relevant problemstilling, skrive og omarbeide ein fagtekst, og gjennomføre ein munnleg samtale om fagteksten og skriveprosessen.
Langtidsoppgåva tek utgangspunkt i kjerneelementet «Møte med engelskspråklige tekster», som seier at elevane skal reflektere over, tolke og kritisk vurdere ulike typar engelskspråklege tekstar for å tileigne seg kunnskap om språk, kultur og samfunn. Gjennom å kombinere lesing, skriving og det munnlege får elevane høve til å bruke breidda av den engelskspråklege kompetansen sin når dei arbeider med oppgåva.
Tema for 2025 er identitet
Med utgangspunkt i tema skal elevane gjere eigne val og avgrensingar, og utvikle sitt eige prosjekt til fordjuping. Tema kan tolkast breitt og på mange ulike måtar. Det kan til dømes knytast til emne som nasjonale identitetar i den engelskspråklege verda, identitetspolitikk, klasseidentitet, sosial identitet, kjønnsidentitet, eller identitet slik det kjem til uttrykk gjennom skjønnlitteratur eller andre kunstuttrykk.
Arbeidet med langtidsoppgåva våren 2025 blir knytt til følgjande kompetansemål i læreplanen for engelsk 2:
- utforske og presentere minst ett selvvalgt emne fra engelsk 2 ved kritisk bruk av engelskspråklige tekster og andre kilder
I tillegg til dette kompetansemålet vil kompetansemåla under vere ein naturleg del av langtidsoppgåva.
Eleven skal:
- bruke egnede lese-, lytte-, tale- og skrivestrategier tilpasset situasjon og formål
- bruke et rikt, presist og variert språk av generell og fagspesifikk art på en hensiktsmessig og situasjonstilpasset måte både skriftlig og muntlig
- produsere ulike typer skriftlige og muntlige faglige tekster med klart innhold, hensiktsmessig stil og struktur
- anvende hensiktsmessige kilder på en kritisk og etterrettelig måte
- vise selvstendig refleksjon og kritisk tenking i lesing og drøfting av ulike typer tekster
Gjennomføring av langtidsoppgåva
I langtidsoppgåva i engelsk skal elevane skrive ein fagtekst på inntil 3000 ord og ha ein samtale om fagteksten.
Bruk av hjelpemiddel i arbeidet med langtidsoppgåva
Elevane kan bruke alle hjelpemiddel som dei elles bruker i opplæringa, og skal følgje krav til påliteleg kjeldebruk. Det skal komme tydeleg fram i fagteksten og i samtalen kva som er eleven sine eigne ord og kva som er sitat eller parafraseringar frå kjelder. Kjelder skal førast i løpande tekst og vise til ein fullstendig og samsvarande kjeldeliste som ligg ved fagteksten.
KI kan nyttast i idéfasen av arbeidet, til dømes til å gi idear til problemstilling, gi inspirasjon til gode overgangar mellom avsnitt, og til forbetring av tekststruktur. KI skal ikkje gjere skrivearbeidet for eleven. Er KI nytta, må ein opplyse om dette i eit eige vedlegg til teksten. I dette vedlegget skal eleven beskrive korleis KI-verktøyet er brukt, og ta med leietekst og generert svar som eleven fekk ut av verktøyet. For at faglærar og sensor skal vurdere kompetansen til eleven, er det viktig at teksten er eit resultat av eleven sitt eige arbeid.
Fasar i arbeidet
Fase 1: Å få innsikt i temaet «Identitet»
Faglærar gjev elevane eit utval tekstar (2-4 avhengig av teksttype) som alle skal jobbe med, og som dannar utgangspunktet for arbeidet. Tekstomgrepet skal tolkast i vid forstand, som definert i kjerneelementet «Møte med engelskspråklige tekster» i læreplanen. Tekstane skal vere knytt til temaet identitet.
Vidare skal elevane utforske og finne eigne kjelder for å få innsikt i temaet. Læraren rettleier elevane i arbeidet med å identifisere relevant materiale. I denne fasen skal elevane også diskutere formatet på langtidsoppgåva og bli kjend med kravet læraren har til ferdig produkt.
Fase 2: Å formulere ei problemstilling
Basert på tekstutvalet, skal elevane formulere ei problemstilling for vidare diskusjon i det skriftlege arbeidet. Elevane skal vere sjølvstendige når dei lagar ei problemstilling, men læraren skal gi støtte i dette arbeidet og godkjenne endeleg problemstilling.
Fase 3: Skrivefasen
Læraren planlegg skrivefasen slik at elevane skal få tilstrekkeleg med tid til å skrive og få tilbakemeldingar frå læraren. Responsmetodane kan variere, men kan inkludere til dømes skriveøkter på skulen, elevdriven respons, leseoppdrag i grupper, eller bruk av kommenterte utkast. Fagartikkelen skal ikkje vere på meir enn 3000 ord.
Eleven skal føre logg over arbeidsprosessen der hen beskriv eigne val undervegs og bruken av kjelder. Lærar vel saman med elevane formatet loggen skal vere i, det kan til dømes vere lydopptak eller ein skriftleg logg.
Fase 4: Munnleg samtale
Teksten som er levert inn og loggen skal vere utgangspunkt for ein munnleg samtale. Samtalen skal gi eleven høve til å vise eigen kompetanse knytt til teksten eleven har skrive, om temaet, om prosessen og om kjeldebruk. Med utgangspunkt i kompetansen elevane har vist i det skriftlege produktet, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, kva dei synest var utfordrande og reflektere over eigen fagleg utvikling.
Erfaringane frå utprøving i andre fag viste at det kan vere vanskeleg å få gjennomført vurdering med ekstern sensor for alle elevar i dei tilfella der vurderinga inkluderer både skriftleg og munnleg vurdering. Vi opnar derfor for at samtale med både lærar og ekstern sensor kan gjennomførast med berre eit utval av elevar. Samtalen kan vare inntil 15 minutt per elev.
Vurdering av langtidsoppgåva
Langtidsoppgåva kan inngå som ein del av vurderingsgrunnlaget til skriftleg standpunktkarakter og til munnleg standpunktkarakter i engelsk 2. Det er faglærar som bestemmer i kva grad, og på kva måte vurderinga skal inngå i kvar av standpunktkarakterane.
Grunnlaget for vurdering er det skriftlege produktet og den munnlege samtalen. I langtidsoppgåva er det skriftlege arbeidet meir omfattande enn det munnlege arbeidet, men munnlege ferdigheiter må både vurderast og bli omtalte som del av prestasjonen til eleven. Eleven skal få tilbakemelding på sin eigen prestasjon når skriftleg arbeid er levert inn og munnleg samtale er gjennomført.
Den lengre, skriftlege teksten utgjer hovuddelen av langtidsoppgåva, og skal vurderast med karakter. Det er opp til faglærar om den munnlege samtalen skal vurderast med karakter eller vurderast på annan måte.
Fagtekst
Faglæraren og den eksterne faglæraren skal kvar for seg vurdere fagteksten, og blir deretter samde om karakter.
Samtale
Deretter skal faglærar og ekstern faglærar gjennomføre ein samtale med elevane (sjå fase 4). Det må leggjast til rette for at eleven får vist eigarskap til det hen har skrive i fagteksten.
Det er opp til faglærar korleis og i kva grad eleven skal presentere arbeidet sitt, om eleven kan bruke hjelpemiddel i samtalen, og om samtalen skal organiserast som ein individuell samtale, i par eller i grupper. Faglærar må ut frå dette tilpasse rolla si i samtalen, slik at eleven får høve til å vise mest mogleg av kompetansen sin.
Vurderingskriteria er meinte som ei hjelp i vurderingsarbeidet. Elevar og ekstern faglærar må kjenne til vurderingskriterer for skriftleg arbeid og for munnleg samtale.