Anleggsrøyrleggjarfaget (ARL03‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

 Kompetansemål 

  • planleggje drift av infrastruktur for vatn og avløp etter teikningar, beskrivingar og preaksepterte løysingar ved å bruke ulike prosjektverktøy, arbeide i tråd med gjeldande krav til helse, miljø og sikkerheit og toleransekrav og vurdere konsekvensar av avvik frå krava
  • velje verktøy og materiale og vurdere kostnader, tidsbruk og miljøomsyn i arbeidet
  • gjere greie for og bruke kvalitetssikringssystem, dokumentere eige arbeid og håndtere avvik
  • utarbeide framdriftsplaner, bestille og motta materialer og utstyr og kontrollere kvalitet og mengde i tråd med arbeidsoppdraget og med omsyn til miljø og ressursutnytting
  • bruke og halde ved like maskiner og utstyr for etablering av vass-, avløps- og overvassanlegg i samsvar med gjeldande kvalitetssikringssystem
  • risikovurdere arbeidsoppdrag, gjennomføre ein sikker jobbanalyse og vurdere korleis geologiske forhold påverkar valet av arbeidsprosess
  • bruke verne- og sikringsutstyr og vurdere konsekvensane av feilbruk
  • arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp og reflektere over konsekvensane av støy, vibrasjon, støveksponering og farlege kjemikalium for yrkesutøvaren
  • sikre og sperre av byggje- og anleggsområde etter gjeldande riggplan og drøfte ulike tiltak som sikrar risikoutsette arbeidsforhold
  • følgje krava til arbeidsvarsling og vurdere kva risikofaktorar som kan påverke arbeid i veg
  • bygge fundament, sidefyllingar og vernelag i grøfter og kumgroper
  • gjere greie for kva krefter som påverkar nedgravne og trykksette røyr, og setje i verk tiltak ved leidningsbrot
  • bruke preaksepterte løysingar for ulike typar arbeid i tråd med gjeldande regelverk, kommunale føresegner og monteringsinstruksjonar og vurdere konsekvensane av feilmontering
  • fundamentere og komprimere ulike massar ved vass-, avløps- og overvassanlegg
  • beskrive og dokumentere kva typar materiale som skal brukast i vass-, avløps- og overvassleidningar, og vurdere konsekvensane av feilbruk
  • leggje røyr i ulike massetypar og temperaturar og vurdere korleis materiala blir påverka
  • isolere kummar, grunne leidningar og vurdere korleis temperaturar påverkar valet av isolering
  • montere og forankre røyr, bend, kummar, anboringar, armatur og pumpestasjoner i samsvar med teikningar og beskrivingar og gjere greie for korleis hydrauliske krefter påverkar røyr, delar og konstruksjonar
  • leggje røyr i tråd med gjeldande normer og drøfte korleis kommunale graveinstrukser påverkar arbeidet
  • velje samanføyingsmetodar for røyr og delar, hovudleidningar og stikkleidningar og vurdere konsekvensane av feilmontering
  • forskale, armere og støype fundament og forankringar til vass-, avløps- og overvassanlegg etter teikningar og beskrivingar
  • utføre trykk- og tettleiksprøve på alle typar røyr og vurdere korleis lokalt regelverk påverkar arbeidet
  • kjeldesortere og handtere avfall etter gjeldande regelverk, behandle forureina massar, uønskte planter og organismar, reflektere over konsekvensane av feilhandtering og iverksette tiltak
  • utføre stikking og nivellering ved hjelp av oppmålingsutstyr og dokumentere arbeidet
  • drøfte ulike metodar for lekkasjesøk, trasésøk og røyrinspeksjon
  • drøfte ulike gravefrie metodar for renovering og leidningsfornying
  • reinse, stake, spyle og tine leidningsnett
  • bruke fagterminologi for å kommunisere med kollegaer og andre yrkesutøvarar og drøfte ulike løysingar som bidreg til å minimere miljøavtrykket og sikre ei effektiv ressursutnytting
  • gjere greie for infiltrasjonsanlegg, montere minireinseanlegg etter gjeldande regelverk og lokale føresetnader og drøfte korleis tilstanden til grunnen påverkar arbeidsprosessen
  • byggje fundament og komprimere stadlege massar og knuste steinmassar ved attfylling av grøft og vurdere gjenbruk av stedlige massar
  • arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, og gjere greie for pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og reflektere over krav og forventinger som stilles til et likeverdig og inkluderende yrkesfellesskap
  • utføre grunnleggjande førstehjelp

Undervegsvurdering