Asfaltfaget (ASF03‑02)
Kjerneelement
Produksjon av asfalt
Kjerneelementet produksjon av asfalt handlar om å produsere asfalt etter ulike reseptar og behandle tilslagsmassar. Kjerneelementet handlar vidare om å behandle, lagre og fornye asfalt med omsyn til kostnader og miljø. Det handlar òg om å dokumentere arbeidsprosessane og drifte og halde ved like blandeverk.
Utlegging av asfalt
Kjerneelementet utlegging av asfalt handlar om å leggje ut ulike asfalttypar på vegar og område. Kjerneelementet handlar vidare om å planleggje arbeidet i samarbeid med kundar, kollegaer og andre yrkesutøvarar og halde ved like og fornye asfaltdekke. Å gjere vurderingar knytte til gjenvinning av asfalt er òg ein del av kjerneelementet.
Helse miljø og sikkerheit
Kjerneelementet helse, miljø og sikkerheit handlar om å identifisere og hindre situasjonar som er ein fare for liv og helse, i arbeidet med asfalt. Dette kjerneelementet handlar òg om å risikovurdere arbeidet i samsvar med gjeldande regelverk og gjennomføre ein sikker jobbanalyse. Vidare handlar det om å bruke utstyr og maskiner i samsvar med gjeldande regelverk og om å arbeide i samsvar med gjeldande system og tiltaksplan for helse, miljø og sikkerheit. Kollegialt samarbeid om berekraftige og miljøvennlege løysingar er òg ein del av dette kjerneelementet.
Kvalitetskontroll
Kjerneelementet kvalitetskontroll handlar om å følgje kvalitetskrava og toleransekrava frå byggherren. Det handlar vidare om å ta prøvar av ferdig produsert asfalt og analysere prøveresultat før og etter utlegging. Å bruke kvalitetssikringssystem og analysere faktorar som påverkar sluttresultatet, er òg ein del av kjerneelementet.