Vg2 bakar og konditor (BAK02‑01)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg2 bakar og konditor handlar om produksjon av bakar- og konditorvarer og om råvarebehandling, teknikkar og teknologi i ulike produksjonsprosessar. Programfaga bidreg til at elevane utviklar handlag, sensoriske ferdigheiter og kompetanse innanfor kvalitet, mattryggleik, reseptoppbygging og matmerking. Programfaga handlar dessutan om produksjon av bakar- og konditorvarer som dekkjer behova i samfunnet. Vg2 bakar og konditor skal bidra til å utvikle sjølvstendige og omstillingsdyktige, samarbeidande og serviceinnstilte fagarbeidarar som dekkjer behovet for arbeidskraft i bransjen.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg2 bakar og konditor skal bidra til å vekkje nysgjerrigheit, kreativitet og skaparglede gjennom produksjon av bakar- og konditorvarer på ein etisk forsvarleg og berekraftig måte. Programfaga skal vidare bidra til forståing av lokal, nasjonal og internasjonal matkultur og korleis den påverkar vareutvalet. Dei skal òg medverke til berekraftig ressursutnytting og avfallshandtering og miljøvennleg produksjon.