Vg3 børsemakarfaget (BMF03‑02)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål

  • planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere reparasjonar, ombyggingar, tilpassing og tilverking av skytevåpen i tråd med kvalitetsprosedyrar og tilrådingar frå produsenten
  • utarbeide rutinar for ei produksjonsmaskin og ein produksjonsprosess etter gjeldande regelverk for helse, miljø og sikkerheit
  • bruke maskiner og utstyr på ein ergonomisk riktig måte og følgje reglar for helse, miljø og sikkerheit
  • reflektere over og bruke gjeldande regelverk og retningslinjer
  • halde ved like verktøyet og maskinene i verkstaden
  • produsere våpenmekanismar som er sette saman av delar med ulike krav til mekaniske eigenskapar
  • vurdere og bruke ulike samanføyingsmetodar
  • lage arbeidsteikningar og annan visuell informasjon for produksjon av eit våpen eller ein våpendel og reflektere over avgrensingar knytte til tilgjengeleg utstyr og tilgjengelege maskiner i verkstaden
  • vurdere, velje og utføre varmebehandling av våpendelar
  • berekne kostnader og planleggje produksjon av ei vare eller teneste i samband med arbeidsoppdrag
  • gjennomføre reparasjonar, vedlikehald og service i samsvar med tilrådingar frå produsenten
  • deaktivere, dokumentere og rapportere skytevåpen til politiet etter gjeldande regelverk
  • utvikle, vurdere og bruke testmetodar for våpen og ammunisjon
  • lage og sende våpenrapport til styresmaktene
  • rettleie kundar i bruk og vedlikehald av skytevåpen
  • tilpasse skytevåpen til kunden og endre skjeftemål etter behov
  • vurdere utbetring av skade på våpen opp mot personleg sikkerheit og lønnsemd
  • utføre ulike berekningar for å justere våpen og våpendelar
  • gjere greie for dei mekaniske og ballistiske prosessane som skjer når eit skytevåpen blir avfyrt
  • utvikle kontrollrutinar for eige arbeid baserte på produkt, produksjonsprosess og kvalitetskriterium
  • gjere greie for partssamarbeidet i bedrifta og reflektere over kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har, og kva krav og forventningar som er stilte til eit likeverdig og inkluderande arbeidsliv

Undervegsvurdering