Vg3 bunadtilverkarfaget (BUN03‑02)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg3 bunadtilverkarfaget handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å utvikle handlag, gode arbeidsrutinar og evne til problemløysing og om å utvikle identitet og å ta ansvarlege val i skapande arbeid og i eige liv. Det handlar òg om korleis ein kan gi uttrykk for eigne opplevingar, tankar og meiningar i samarbeid med andre og i arbeidet med oppgåver innanfor bunadtilverkarfaget.
Berekraftig utvikling
I vg3 bunadtilverkarfaget handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om medviten refleksjon rundt val av materiale, produksjonsmetodar og verktøy i ein etisk og berekraftig tilverking. Vidare handlar det om å tilverke bunader og tilbehøyr med god og varig kvalitet der vedlikehald og reparasjon er mogleg. Berekraftig utvikling handlar òg om å ta vare på og utvikle ein levande kulturarv med lokal og nasjonal forankring.