Vg3 dataelektronikarfaget (DAT03‑03)
Vurderingsordning
Standpunktvurdering
Installering og drift: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Reparasjon og vedlikehald: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Eksamen for privatistar
Installering og drift: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Reparasjon og vedlikehald: Privatisten skal opp til ein skriftleg eksamen i programfaget. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.
Sluttvurdering
Opplæringa i vg3 dataelektronikarfaget skal avsluttast med ei fagprøve. Alle skal opp til fagprøva, som skal gjennomførast over minst seks vyrkedagar.
Før fagprøva må alle ha bestått ein tverrfagleg skriftleg eksamen laga ut frå læreplanane i programfaga i lærefaget. Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt. Eksamen skal ikkje ha førebuingsdel.
Før fagprøva må alle som ikkje har følgt normalt opplæringsløp, i tillegg ha bestått ein tverrfagleg skriftleg eksamen laga ut frå læreplanen i programfaga på vg2 datateknologi og elektronikk. Eksamen blir utarbeidd sentralt og sensurert lokalt. Eksamen skal ikkje ha førebuingsdel.