Vg3 dyrefaget (DYR03‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål
Mål for opplæringa er at lærlingen skal kunne
- planleggje, vurdere, gjennomføre og dokumentere arbeidsoppgåver i dyrenæringar
- tilby tenester og produkt retta mot målgrupper i dyrenæringar
- drifte og halde ved like dyreanlegg, lokale og innreiing
- vurdere, selektere, trene og førebu dyr for ulike miljø, bruksområde og aktivitetar
- vurdere og gjennomføre stell, fôring og pleie av dyr
- vurdere faktorar som påverkar prestasjonar, helse og åtferd til dyr
- vurdere, utføre og grunngi tiltak som fremjar prestasjonar, helse og velferd til dyr, og som førebyggjer helse- og åtferdsproblem
- vurdere, utføre og grunngi tiltak ved sjukdom og skade på dyr i samarbeid med andre yrkesgrupper, vurdere skadeomfang og utføre førstehjelp på dyr og menneske
- handtere redde og aggressive dyr på ein måte som varetek sikkerheit, dyrevelferd og -helse
- reflektere over og nytte dyrevelferdsindikatorar og prinsippet om minste inngrep
- observere og beskrive artstypiske og individuelle behov, allmenntilstand og helse- og åtferdsavvik
- nytte journalar og andre dokumentasjonsverktøy i dyrenæringar etter gjeldande standardar og regelverk
- nytte diagnostiske og yrkesrelevante verktøy og metodar i dyrenæringar
- gjere greie for faktorar som påverkar økonomi, kundetilfredsheit, arbeidsmiljø og kvalitet, og gjennomføre og grunngi forbetringstiltak
- arbeide på ein sikker måte, vurdere risiko og setje i verk tiltak for å redusere risiko
- avdekkje behova til kunden og grunngi anbefalingar
- kommunisere med og rettleie ulike målgrupper i dyrefaglege tema og yte profesjonell kundeservice
- leggje til rette miljø, trening og rettleiing for godt samspel mellom dyr og menneske
- velje, nytte og tilpasse utstyr, verktøy og materiale, og utføre vedlikehald
- arbeide i samsvar med og grunngi smittevern og hygieniske og ergonomiske prinsipp
- arbeide i samsvar med rutinar, kvalitetssystem, standardar, regelverk og forvaltningskrav, og beskrive offentlege forvaltningsorgan på området
- vurdere eigen praksis og kompetanse, og samarbeide med dyrehelsepersonell og andre yrkesgrupper
- arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, og gjere greie for pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Lærlingane viser og utviklar kompetanse i vg3 dyrefaget når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i faget.
Instruktøren skal leggje til rette for lærlingmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Instruktøren skal vere i dialog med lærlingane om utviklinga deira i vg3 dyrefaget. Lærlingane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Instruktøren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at lærlingane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i faget.