Vg3 elektroreparatørfaget (ERF03‑02)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg3 elektroreparatørfaget inneber å lytte og gi respons i samtale med involverte partar i arbeid med elektrisk og gassdrive utstyr. Det inneber å bruke fagterminologi og å tilpasse kommunikasjonen til mottakaren og formålet.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg3 elektroreparatørfaget inneber å bruke fagterminologi, symbol og prefiks ved planlegging og utarbeiding av dokumentasjon. Det inneber òg å kommunisere skriftleg tilpassa mottakaren og formålet.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg3 elektroreparatørfaget inneber å søkje og vurdere informasjon i fagtekstar, teknisk dokumentasjon, gjeldande regelverk og instruksar. Det inneber òg å samanlikne og tolke informasjon, å trekkje faglege slutningar og å halde seg oppdatert i faget.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg3 elektroreparatørfaget inneber å utføre matematiske berekningar i planlegging og dimensjonering og å vurdere måleresultat opp mot berekna verdiar. Det inneber òg å tolke informasjon frå tabellar og diagram. Vidare inneber det å berekne elektriske verdiar og å bruke symbol og prefiks. Det inneber òg å gjere økonomiske berekningar i samband med prisoverslag.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg3 elektroreparatørfaget inneber å bruke digitale ressursar og tenester til å planleggje, utføre og verifisere arbeidsoppdrag. Vidare inneber det å søkje etter og innhente informasjon og å vurdere kor truverdig informasjonen er. Det inneber òg å vurdere si eiga rolle på nettet og å utøve god digital dømmekraft.