Vg3 ferskvarehandlarfaget (FVF03‑01)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 ferskvarehandlarfaget handlar om å produsere og omsetje ferskvarer av fisk og kjøtt, delikatesser og andre ferdigvarer, og å kunne gi måltidsforslag i møte med kundar. Faget handlar vidare om sal og kundebehandling, eksponering, mottaks- og kvalitetskontroll og lagring. Vg3 ferskvarehandlarfaget handlar òg om utnytting av råvarer, trygg mat og varehandtering, emballering og merking, god økonomi og mindre matsvinn. Faget skal bidra til å utvikle sjølvstendige, samarbeidande og omstillingsdyktige fagarbeidarar i et arbeidsliv i endring.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 ferskvarehandlarfaget skal bidra til at varer og tenester til forbrukarmarknaden blir produserte og selde på ein etisk og forsvarleg måte. Faget skal vidare bidra til å utvikle forståing av lokal, nasjonal og internasjonal mattradisjon og av korleis endringar i matvanar påverkar varesortimentet som forbrukarane blir tilbodne. Gjennom kritisk tenking, medverknad og arbeidsoppgåver utviklar lærlingane forståing for samanhengen mellom ressursbruken i vår tid og behovet for å ta vare på og utvikle ressursar for framtidige generasjonar. Vg3 ferskvarehandlarfaget skal òg bidra til forståing av medråderett og medansvar på arbeidsplassen.