Geografi (GEO01‑02)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Geografi er eit sentralt fag for å forstå samspelet mellom natur og menneske. Faget skal bidra til at elevane ser samanhengar mellom ressursbruk, natur, miljø og samfunn, og kva konsekvensar naturskapte endringar har for menneska. I geografi skal elevane utforske og observere geografiske forhold og lære faget ved å reflektere over lokale og globale problemstillingar. Faget skal bidra til at elevane utviklar miljømedvit og tek ansvarlege val no og i framtida.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Geografi skal bidra til at elevane utviklar engasjement, utforskartrong og kritisk tenking og byggje opp under kunnskap om og respekt for natur og miljø. Faget skal bidra til at elevane blir deltakande medborgarar i samfunnet med etisk medvit og vilje til å tenkje og handle berekraftig. Faget skal gi elevane innsikt i og forståing for korleis samspelet mellom natur og menneske er ein del av samisk kultur og levemåtar.