Vg3 hudpleiar (HUD03‑03)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I vg3 hudpleiar handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om korleis fysisk og psykisk helse påverkar hud og kropp. Det inneber å ha kunnskapar om korleis kosthald og fysisk aktivitet påverkar huda og om å rettleie menneske til å gjere gode val som fremjar hudhelsa.
Demokrati og medborgarskap
I vg3 hudpleiar handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å vise respekt for kundar og kollegaer. Det handlar om å ta vare på verdiane i vårt demokratiske samfunn som grunnlag for profesjonell yrkesutøving òg om korleis partane i arbeidslivet samarbeider for å utvikle eit betre arbeidsliv.
Berekraftig utvikling
I vg3 hudpleiar handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om korleis bruk av hudpleieprodukt påverkar miljøet. Vidare handlar det om å velje miljøvennlege materiale, produkt, metodar, emballasje og utstyr.