Vg3 hudterapi (HUD03‑04)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter kommunikasjon og samhandling
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- reflektere over og gjennomføre profesjonell kundebehandling
- rettleie om val og bruk av hudpleieprodukt
- presentere resultat av hudanalysar og foreslå tiltak i samråd med kunden
- skape tryggleik og tillit i møte med kundar og reflektere over verdien av langsiktige kundeforhold
- bruke passande strategiar for konflikthandtering og vurdere konfliktreduserande tiltak
- bruke digitale ressursar i kommunikasjon og samhandling og vise digital dømmekraft
- bruke etisk dømmekraft i yrkesutøvinga og drøfte bruken av reklame
- vurdere og anvende passande metodar for sal av varer og tenester
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i kommunikasjon og samhandling når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire av eller alle programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane utviklinga deira i kommunikasjon og samhandling. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i kommunikasjon og samhandling ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i kommunikasjon og samhandling basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.