Hovslagarfaget (HVS03‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål

  • planleggje, vurdere, gjennomføre og dokumentere verking og skoing av hest
  • arbeide i tråd med gjeldande regelverk for dyrevelferd og verke og sko hest på ein slik måte at det fremjar velferd, helse og prestasjonar
  • kjenne att og beskrive språket, åtferda og normaltilstandane til hesten, og handtere hest på ein trygg og etisk forsvarleg måte
  • vurdere anatomien og eksteriøret til hesten med vekt på dei nedre ekstremitetane, og gjere greie for oppbygginga av beinet og hoven med ytre og indre strukturar
  • vurdere og korrigere beinstilling på føl og unghestar
  • beskrive gangartane og vurdere bevegelsesmønsteret til hesten, og vurdere korleis verkinga og beslaget påverkar dette
  • velje, tilpasse og halde ved like verktøy og utstyr til arbeidet som skal utførast
  • velje materiale og dimensjonar på beslag etter korleis hesten blir brukt, og kva behov han har, og sko med eigna bruks- eller sjukebeslag
  • verke for berrfot og beslag og grunngi val for tilskjering
  • tilverke beslag etter mål og arbeidsteikning
  • vurdere effektar og bieffektar av beslag og ulike modifikasjonar på desse, og modifisere beslaget slik hesten treng
  • sveise for relevant hovslagararbeid
  • vurdere korleis ytre faktorar og levemiljøet til hesten påverkar hoven, hovhelsa og behova til hesten, og ta omsyn til dette i verking og skoing
  • gjere greie for eigenskapane til ulike produkt og materiale som blir nytta i skoing og verking, og bruke desse etter behov
  • utføre teknikkar for reparasjon og oppbygging av hovar, og leggje hovbandasje
  • identifisere og førebyggje smerte, skadar og sjukdommar, og tilvise vidare når tilstanden krev ekstern kompetanse og behandling
  • samarbeide med veterinær i førebygging og behandling av skadar og sjukdommar
  • samarbeide med og rettleie hestehaldaren og anna hestepersonell om skoing og hovpleie
  • bruke fagspråk som er tilpassa mottakaren i samarbeid og kommunikasjon med veterinær, anna hestepersonell og hestehaldaren
  • vurdere smittefare og setje inn smitteverntiltak
  • vurdere risiko i hovslagarabeid og gjennomføre tiltak for å redusere risikoen
  • utføre arbeidsoppgåver på ein ergonomisk rett måte, gjere greie for vanlege belastningsskadar og setje i verk tiltak for å unngå desse
  • utforske dei kulturhistoriske tradisjonane i hovslagarfaget, og reflektere over kva krav og forventningar som blir stilte til ein profesjonell yrkesutøvar
  • identifisere faktorar som påverkar arbeidsmiljø, økonomi og kvalitet, setje i verk forbetringstiltak og gjere greie for drift av næringsverksemd
  • arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, og gjere greie for pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren

Undervegsvurdering