Vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon (IKM01‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter teknologiforståing
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- planleggje og gjennomføre samtidsproduksjonar
- reflektere over og beskrive korleis media påverkar folk og medievanane deira
- kjenne til og anvende bransjefaglege metodar og relevant utstyr i produksjon
- beskrive, utforske og konfigurere datanettverk med eigne subnett
- administrere brukareiningar og kople dei til sentrale administrasjonsplattformer
- utforske og beskrive korleis teknologi kan formidle nye uttrykk og gi nye opplevingar
- gjere greie for korleis omsynet til berekraft påverkar anskaffing, drift og avhending av utstyr og materiell
- gjennomføre og dokumentere arbeid i tråd med gjeldande reglar for helse, miljø og sikkerheit
- gjere greie for korleis internett fungerer, og korleis det blir brukt til kommunikasjon og lagring
- utforske og beskrive digitale truslar, verdiar og sårbarheiter i samfunnet
- gjere greie for korleis ein behandlar informasjon og personopplysningar i tråd med gjeldande regelverk
- vurdere, tilrå og kvalitetssikre tiltak som reduserer risikoen for uønskt spreiing av data
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i teknologiforståing når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire eller alle programfaga. Læraren og elevane skal vere i dialog om elevane si utvikling i teknologiforståing. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiing for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i teknologiforståing ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i teknologiforståing basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.