Vg3 chassispåbyggjarfaget (KAR03‑02)
Kjerneelement
Helse, miljø og sikkerheit
Kjerneelementet helse, miljø og sikkerheit handlar om å utføre arbeidsoppgåver i tråd med regelverk og god arbeidspraksis. Det handlar òg om faremoment ved arbeid på køyretøy og maskiner med ulike framdriftssystem og sikkerheitssystem. Kjerneelementet handlar dessutan om varmearbeid og bruk av ulike kjemikaliar på ein sikker måte og om å ta miljøomsyn og nytte avfallshandtering og resirkulering av materiale.
Tilpassingar
Kjerneelementet tilpassingar handlar om tilrettelegging av ulike køyretøy til ulike behov i samfunnet. Vidare handlar det om bruk av mekanikk, pneumatikk, hydraulikk og elektronikk for å gi kundar og brukarar eit tilpassa køyretøy som samsvarer med behova for tilpassing av køyretøyet. Kjerneelementet handlar òg om etiske retningslinjer og om å følgje regelverk ved tilpassing av køyretøy.
Planlegging og dokumentasjon
Kjerneelementet planlegging og dokumentasjon handlar om å planleggje og utføre arbeid i samarbeid med kunde og brukar, og å kunne dokumentere at endringar i påbygg og chassis til køyretøyet er i tråd med regelverk og bestilling. Det handlar òg om å rettleie kunden, vurdere moglegheiter og tenkje kreativt for å finne løysingar som tilfredsstiller behova til kunden.