Kunst og skapande arbeid (KDA03‑02)
Kjerneelement
Uttrykk og materialer
Kjerneelementet uttrykk og materiale handlar om kjennskap til og innsikt i ulike medium og verkemiddel og korleis dei kan kommunisere, skape meining og utfordre. Vidare handlar kjerneelementet om kunnskap om teikn og symbol og korleis dei kan brukast i visuelt språk og i eigne skapande prosessar.
Kunstnarlege prosessar
Kjerneelementet kunstnarlege prosessar handlar om skapande og utforskande metodar. Dette kjerneelementet handlar òg om innsikt i og erfaring med kunstnarleg praksis i arbeid med idéutvikling. Å utvikle eigne kunstnarlege uttrykk inneber eksperimentering og val av verkemiddel og materiale.
Kunst i kontekst
Kjerneelementet kunst i kontekst handlar om å vere deltakar og tilskodar på ulike nivå og arenaer i møte med kunst. Vidare handlar det om korleis kunstuttrykk kan opne for kjensler, og korleis kunst kan kommunisere og kommentere ulike samfunnstema. Kjerneelementet handlar òg om å utvikle kompetanse i å vise fram eigen og andre sin kunst i ulike kontekstar.