Design og berekraft (KDA04‑02)
Vurderingsordning
Standpunktvurdering
Design og berekraft: Eleven skal ha éin standpunktkarakter.
Eksamen for elevar
Design og berekraft: Eleven kan bli trekt ut til ein praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Eksamen skal ha førebuingsdel.
Eksamen for privatistar
Design og berekraft: Privatisten skal opp til ein praktisk eksamen. Eksamen blir utarbeidd og sensurert lokalt. Fylkeskommunen avgjer om privatistar skal få førebuingsdel ved lokalt gitt eksamen.