Arkitektur og samfunn (KDA05‑02)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i arkitektur og samfunn inneber å kunne formidle eigne idear og arbeid, og å samtale om ulike løysingar med bruk av relevante faguttrykk
Å kunne skrive
Å kunne skrive i arkitektur og samfunn inneber å kunne beskrive og dokumentere eigne kreative prosessar med bruk av faguttrykk, og å kunne formidle relevant informasjon i visuelle presentasjonar. Å kunne skrive inneber òg å kunne registrere eigne opplevingar av ein stad i form av teikning, tekst, målingar og bilete.
Å kunne lese
Å kunne lese i arkitektur og samfunn inneber å lese, tolke og kritisk vurdere fagtekstar og teikningar, og å finne relevant informasjon til bruk i eigne prosjekt. Å kunne lese inneber òg å sjå kva som er mogleg av romleg og formmessig utprøving i ulike kontekstar.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i arkitektur og samfunn inneber å tolke og nytte kartdata, og å rekne og arbeide med proporsjonar og målestokk i digitalt og analogt arbeid med teikningar og modellar. Det inneber òg å forstå areal- og ressursbruk og korleis økonomiske val påverkar prosjekt.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i arkitektur og samfunn inneber å kunne bruke digitale ressursar til å hente inn og organisere fagrelevant informasjon, å vurdere kjeldene kritisk og å oppgi dei på ein etterretteleg måte. Det inneber òg å bruke digital modellering og teikning til å utforme, visualisere og presentere eigne arbeid. Vidare inneber det å utøve digital dømmekraft ved å følgje reglar for personvern og vise omsyn til andre på nett.