Kulturarv (LKA01‑02)
Kjerneelement
Vern for framtida
Kjerneelementet vern for framtida handlar om å ta vare på og vidareformidle ein mangfaldig kulturarv ved at elevane får høve til å få erfaring med ulike tradisjonar og utøve ulike handverk. Kjerneelementet handlar vidare om bevisste haldningar til og kunnskap om kulturarv og betydninga av kulturarv, og om berekraftig bruk av kulturarv. Vern for framtida inneber òg medvit om at kultur- og naturvern heng saman.
Bruk av kulturarv
Kjerneelementet bruk av kulturarv inneber at elevane skal arbeide praktisk med ulike tradisjonar og handverk, og få høve til å fordjupe seg i ulike sider ved og delar av kulturarv. Kjerneelementet omfattar òg kunnskap om forskjellane på materiell og immateriell kulturarv, om samanhengane mellom desse og om korleis dei blir ulikt tekne vare på.