Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter matematikk 1P

  • lese, hente ut og vurdere matematikk i tekstar om situasjonar frå lokalmiljøet, gjere berekningar knytte til dette og presentere og argumentere for resultata
  • utforske korleis ulike premissar vil kunne påverke korleis matematiske problem frå samfunnsliv og arbeidsliv blir løyste
  • modellere situasjonar knytte til tema frå samfunnsliv og arbeidsliv, presentere og argumentere for resultata og for når modellane er gyldige
  • identifisere variable storleikar i ulike situasjonar og bruke dei til utforsking og generalisering
  • tolke og bruke formlar som gjeld samfunnsliv og arbeidsliv
  • bruke prosent, prosentpoeng, promille og vekstfaktor i utrekningar og presentere og grunngi løysingar
  • utforske, beskrive og bruke omgrepa proporsjonalitet og omvend proporsjonalitet
  • tolke og bruke samansette måleiningar i praktiske samanhengar og velje eigna måleining
  • tolke og bruke funksjonar i matematisk modellering og problemløysing
  • planleggje, utføre og presentere sjølvstendig arbeid knytt til modellering og funksjonar innanfor samfunnsfaglege tema
  • bruke digitale verktøy i utforsking og problemløysing knytt til eigenskapar ved funksjonar, og diskutere løysingane
  • tolke og rekne med rotuttrykk, potensar og tal på standardform

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering