Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter matematikk 1T-Y for sal, service og reiseliv

  • identifisere variable storleikar i ulike situasjonar, setje opp formlar og utforske desse ved hjelp av digitale verktøy
  • utforske strategiar for å løyse likningar, likningssystem og ulikskapar og argumentere for tenkjemåtane sine
  • utforske samanhengar mellom andregradslikningar og andregradsulikskapar, andregradsfunksjonar og kvadratsetningane og bruke samanhengane i problemløysing
  • innhente data frå praksisfeltet, gjere overslag og berekningar og lage formålstenlege framstillingar av resultata og presentere desse
  • lese, bruke og lage rekneark i arbeidet med budsjett, anbod og kostnadsberekning knytt til sal, service og reiseliv, og vurdere korleis ulike faktorar påverkar resultatet
  • tolke og gjere berekningar med statistisk datamateriale som er relevant innanfor sal, service og reiseliv

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering