Mat og helse (MHE01‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter 4. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- følgje prinsipp for god hygiene i samband med matlaging
- bruke reiskap, rom- og vektmål og enkle teknikkar i samband med matlaging
- kjenne att smakar i mat og undre seg over kvifor smak er noko vi opplever ulikt
- fortelje om kva som kjenneteiknar sunn og variert mat og kvifor det er viktig for helsa
- utnytte lokale matvarer i matlaging og presentere ledda i produksjonskjeda frå råvare til måltid
- sortere avfall i samband med matlaging og forklare kvifor det er viktig å gjere det
- lage enkle måltid og bidra til å skape ei triveleg ramme rundt måltid saman med andre
- samtale om måltidsskikkar frå norsk og samisk kultur og frå andre kulturar, og om verdien av å ete saman med andre
- samtale om korleis skulemåltidet kan bidra til ein god skulekvardag
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i mat og helse på 1., 2., 3. og 4. trinn når dei lagar mat og måltid og når dei samtaler om korleis matval og måltid kan påverke helsa vår og verda vi lever i.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte praktiske oppgåver på kjøkkenet og andre eigna læringsarenaer. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i mat og helse. Elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetanse til å lage måltid som gir grunnlag for god helse og til å bli bevisste forbrukarar.