Medie- og informasjonskunnskap (MIN01‑03)
Kjerneelement
Mediemedvit
Kjerneelementet mediemedvit handlar om kva påverknadskraft media har, korleis ein sjølv og andre bruker medium, og kva media har å seie for identitet og sjølvforståing. Kjerneelementet handlar òg om juridiske rammer for publisering, etisk medvit og ferdigheiter i kritisk analyse av ytringar og ulike kjelder til kunnskap og fakta.
Medieforteljingar
Kjerneelementet medieforteljingar handlar om å utvikle innsikt i korleis media formidlar bodskapar gjennom ulike forteljemåtar og i ulike sjangrar. Det dreier seg om å forstå samanhengar mellom form og innhald og om å kunne bruke denne kunnskapen i eigne medieforteljingar. Kjerneelementet handlar òg om å opne auga mot verda og bli nysgjerrig, engasjert og kritisk medviten.
Journalistikk
Kjerneelementet journalistikk handlar om å utvikle kompetanse om den samfunnsrolla media speler i eit demokrati med ytringsfridom og frie medium. I dette ligg òg medvit om presseetikk og kjeldekritikk og om kva som skil journalistikk frå andre ytringar i det offentlege rommet. Kjerneelementet handlar òg om å reflektere over korleis den teknologiske utviklinga påverkar journalistrolla, og om å produsere eigne journalistiske uttrykk.
Innovasjon og medieutvikling
Kjerneelementet innovasjon og medieutvikling handlar om å utvikle innsikt i samanhengar mellom teknologisk nyskaping og medieutvikling. Det inneber å tileigne seg kunnskapar om hovudlinjer i medieutviklinga og om korleis teknologisk nyskaping og andre forhold har påverka utviklinga. Kjerneelementet handlar vidare om å arbeide kreativt med eigne medieproduksjonar og å reflektere over kva følgjer den kontinuerlege teknologiske utviklinga har for samfunnet i dag og i framtida. Det handlar óg om å reflektere over korleis innovasjon og kreativitet kan brukast i eigne medieuttrykk og i det framtidige arbeidslivet.