Lyddesign (MOK05‑02)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i lyddesign inneber å uttrykkje seg auditivt og å samtale om, drøfte og analysere ulike lyduttrykk med bruk av relevant fagterminologi.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i lyddesign inneber å gjere greie for og drøfte problemstillingar knytte til eigne og andre sine medieprodukt. Vidare inneber det å produsere og presentere tekstar i ulike sjangrar i lydproduksjon.
Å kunne lese
Å kunne lese i lyddesign inneber å tolke, analysere og forstå korleis lyd kommuniserer og skaper meining i ulike medieprodukt.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i lyddesign inneber å bruke kunnskap om lyd som fenomen i tekniske prosessar.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i lyddesign inneber å lage, behandle, lagre og publisere lydproduksjonar ved hjelp av digitale ressursar. Det inneber òg å følgje gjeldande reglar for opphavsrett, personvern og publisering.