Målar- og overflateteknikkfaget (MOT03‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål 

  • planleggje behandling av flater på nybygg, eksisterande bygningsmasse og historiske bygg, arbeide etter teikningar, beskrivingar og preaksepterte løysingar og vurdere kostnader, tidsbruk og miljøomsyn i arbeidet
  • utarbeide framdriftsplanar, bestille og motta produkt, utstyr og mengder og kontrollere kvalitet og mengd i tråd med arbeidsoppdraget
  • gjere greie for og bruke kvalitetssikringssystem, arbeide i tråd med gjeldande krav til helse, miljø og sikkerheit og toleransekrav og reflektere over konsekvensar av ikkje å følgje krava
  • risikovurdere arbeidsoppdrag, gjennomføre ein sikker jobbanalyse og rapportere om uønskte hendingar
  • velje, bruke og halde ved like verktøy og maskiner til ulike formål og med omsyn til kvalitet, funksjonalitet, miljø og økonomi
  • arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforholdet i faget, og gjere greie for pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og reflektere over krav og forventningar som blir stilte til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap
  • arbeide i tråd med ergonomiske prinsipp og reflektere over konsekvensane av støveksponering og bruk av kjemikalium
  • kjeldesortere og handtere kjemikalium etter gjeldande regelverk, følgje substitusjonsplikta, reflektere over konsekvensane av feilhandtering og iverksettje tiltak
  • bruke verne- og sikringsutstyr og vurdere konsekvensane av feilbruk
  • vurdere tilstanden til overflatene, byggje opp sjikt ut frå bruksområde og vurdere korleis det ytre og indre miljøet påverkar sluttresultatet og levetida til overflata
  • drøfte og reflektere over korleis tradisjonelle målemetodar tek vare på eigenarten til faget og kulturtradisjonane
  • vurdere eksisterande målingslag og velje målemetode som tek vare på eigenarten til underlaget
  • utbetre underlaget før behandling og vurdere korleis kvaliteten på underlaget påverkar arbeidsprosessen
  • bruke Natural Colour System, setje saman ulike fargar og vurdere korleis fargar påverkar bruksområdet, belysninga og harmonien til rommet
  • bruke fagterminologi for å kommunisere med kundar, kollegaer og andre yrkesutøvarar og drøfte ulike løysingar som bidreg til å minimere miljøavtrykket og sikre ei effektiv ressursutnytting
  • bruke ulike påføringsteknikkar og påføringsutstyr og vurdere konsekvensane av feilbruk
  • restaurere og dekorere bygningar og vurdere korleis byggjeskikk og historia til bygget påverkar valet av produkt og metodar
  • vurdere eigenskapane til overflata, påføre sparkel-, beis-, olje-, lakk- og målingssystem og gjere greie for korleis dei ulike produkta verkar saman og påverkar herdeprosessen
  • setje opp glasfiberstrie, folie, tapet og overmålingstapet
  • påføre membransystem og leggje og sveise golv- og veggbelegg i våtrom
  • programmere og bruke robotar til overflatebehandling
  • leggje teppe, fugefrie golv, banebelegg, LVT-stavar og flis i vinyl, velje metode og vurdere korleis bruken av lim, sparkel og avrettingsmassar påverkar sluttresultatet
  • utføre grunnleggjande førstehjelp

Undervegsvurdering