Målar- og overflateteknikkfaget (MOT03‑01)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg3 målar- og overflateteknikkfaget handlar om å behandle flater på nybygg, eksisterande bygningsmasse og historiske bygg. Faget skal gjere lærlingane i stand til å vurdere overflater innvendig og utvendig og velje miljøvennlege materiale og ressurseffektive metodar i behandling av overflater. Faget bidreg til samfunnet gjennom å utdanne yrkesutøvarar som kan ta vare på inneklima, lette reinhald og smykke, verne og halde ved like overflater i bygg.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg3 målar- og overflateteknikkfaget skal bidra til engasjement når lærlingane målar bygningar med varige miljø- og energieffektive kvalitetar. Faget fremjar kritisk tenking og etisk medvit gjennom at lærlingane blir utfordra til å velje berekraftige materiale, verktøy og arbeidsmetodar. Effektiv og miljøvennleg ressursutnytting vil òg bidra til å fremje respekt for naturen og miljøet. Faget skal vidare bidra til kunnskap om pliktene og rettane til arbeidsgivaren og arbeidstakaren og om trepartssamarbeidet, der arbeidsgivaren, arbeidstakaren og myndigheitene jobbar saman for å utvikle eit betre arbeidsliv. I tillegg fremjar faget forståing av kva verdi kulturelt mangfald har i bygg- og anleggsbransjen, gjennom at lærlingane deltek i dialog om og reflekterer over krav og forventningar til eit likeverdig og inkluderande yrkesfellesskap.