Norsk FOV (NOR10‑01)
Kompetansemål og vurdering

Forklaring

Kompetansemål etter modul 1

  • samtale om og reflektere over kva tekstar i kvardagen og nærmiljøet som det er aktuelt å kunne skrive og lese
  • skrive setningar, meistre rettskriving av høgfrekvente ord og meistre enkel teiknsetjing
  • beskrive og samtale om eigne mål for arbeid og kvardag, basert på interesser, erfaringar og ferdigheiter
  • skrive CV og vidareutvikle CV-en etter tilbakemeldingar
  • skrive korte tekstar med relevans for skule, arbeid og kvardagsliv
  • samanlikne og samtale om innhald i sjølvvalde tekstar, film eller spel
  • lese skjønnlitteratur og sakprosa og gi att innhaldet
  • lese og lytte til tekstar og samtale om truverdet til kjelder
  • bruke forkunnskapar og oppklaringsstrategiar til å lese tekstar med forståing
  • lese og tolke tekstar som kombinerer skrift med bilete
  • lytte til andre og samtale om kultur, identitet og livserfaring
  • samtale om korleis ordval og språkbruk kan påverke andre, og reflektere over eigen og andre sin bruk av språket
  • bruke førskrivingsstrategiar og skriverammer som utgangspunkt for utvikling av tekstar

Undervegsvurdering