Norsk for språklege minoritetar FOV (NOR11‑01)
Tverrfaglege tema
Folkehelse og livsmeistring
I faget norsk for språklege minoritetar handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om å utvikle evne til å uttrykkje seg munnleg og skriftleg på norsk for å vareta eiga helse og eigen livssituasjon, og for å delta i sosiale fellesskapar, i samfunnslivet og i vidare kvalifisering og arbeid. Gjennom arbeid med ulike tekstar kan deltakarane få stadfesta, utfordra og styrkt identiteten sin. Deltakarane skal òg oppleve at den fleirspråklege og fleirkulturelle bakgrunnen deira er ein ressurs i arbeidet med temaet.
Demokrati og medborgarskap
I faget norsk for språklege minoritetar handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om å utvikle munnlege og skriftlege ferdigheiter på norsk for å kunne delta i samfunnet og i demokratiske prosessar. Det inneber å halde seg informert, uttrykkje eigne tankar og meiningar og å forstå og delta i samtalar og diskusjonar. Arbeid med ulike tekstar gir deltakarane innblikk i livssituasjonen og utfordringane til andre menneske. Dette kan bidra til forståing, toleranse og respekt for synspunkta og perspektiva til andre menneske og leggje eit grunnlag for konstruktiv samhandling.
Berekraftig utvikling
I faget norsk for språklege minoritetar handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å utvikle munnlege og skriftlege ferdigheiter på norsk for å kunne tileigne seg informasjon om natur, miljø og livsvilkår, lokalt og globalt. Arbeid med temaet skal gi deltakarane moglegheit til å kommunisere eigne kunnskapar og erfaringar. Det skal òg bidra til å bevisstgjere og ruste deltakarane til å handle og til å påverke samfunnet i ei berekraftig retning.