Eit raust og støttande læringsmiljø er grunnlaget for ein positiv kultur der elevane blir oppmuntra og stimulerte til fagleg og sosial utvikling. Kjenner elevane seg utrygge, kan det hemme læringa. Trygge læringsmiljø blir utvikla og haldne ved lag av tydelege og omsorgsfulle vaksne, i samarbeid med elevane. Dei tilsette på skolen, foreldre og føresette og elevane har saman ansvar for å fremje helse, trivsel og læring, og for å førebyggje mobbing og krenkingar. I arbeidet med å utvikle eit inkluderande og inspirerande læringsmiljø skal mangfald anerkjennast som ein ressurs.
Elevmedverknad må prege praksisen i skolen. Elevane skal både medverke og ta medansvar i læringsfellesskapen som dei skaper saman med lærarane kvar dag. Elevar tenkjer, erfarer og lærer i samspel med andre gjennom læringsprosessar, kommunikasjon og samarbeid. Skolen skal lære elevane å utvise dømmekraft når dei ytrar seg om andre, og sørgje for at dei lærer å samhandle på forsvarleg vis i ulike samanhengar.
Dei normene og verdiane som pregar læringsfellesskapen, har stor betydning for den sosiale utviklinga til elevane. Vennskap skaper tilhøyrsle og gjer oss alle mindre sårbare. Når vi sjølv opplever å bli anerkjend og vist tillit, lærer vi å verdsetje både oss sjølv og andre. Elevane skal lære å respektere ulikskap og forstå at alle har ein plass i fellesskapen. Kvar elev har ei historie med seg, og dei har håp og ambisjonar for framtida. Når barn og unge møter respekt og anerkjenning i opplæringa, bidrar dette til ei oppleving av tilhøyrsle.
Ved å bruke varierte læringsarenaer kan skolen gi elevane praktiske og livsnære erfaringar som fremjar motivasjon og innsikt. Engasjementet til lokalmiljøet og samfunnet kan bidra positivt til utviklinga til skolen og elevane. Ulike former for lokalt, nasjonalt og internasjonalt samarbeid forankrar elevane si læring i aktuelle spørsmål.
Kunnskapsutveksling med menneske i alle aldrar og frå ulike stader i verda gir elevane perspektiv på eiga læring, danning og eigen identitet og viser verdien av samarbeid på tvers av språklege, politiske og kulturelle grenser.