Læringa og utviklinga til elevane skal stå i sentrum for skoleverksemda. Elevane møter skolen med ulike erfaringar, forkunnskapar, haldningar og behov. Skolen må gi alle elevar likeverdige moglegheiter til læring og utvikling, uavhengig av føresetnadene deira. God klasseleiing byggjer på innsikt i behova til elevane, varme relasjonar og profesjonell dømmekraft. For å skape motivasjon og læreglede i undervisninga trengst eit breitt repertoar av læringsaktivitetar og -ressursar innanfor føreseielege rammer.
Forventninga skolen har til kvar enkelt elev om innsats og meistring, påverkar læring og tru på eigne evner og moglegheiter. Det er derfor avgjerande at skolen møter alle elevar med ambisiøse, men realistiske forventningar, og at lærarar utviser eit profesjonelt skjønn når dei vurderer læringa til elevane.
Elevane skal få tid til å utforske djupna i ulike fagområde. Å gi rom for djupnelæring føreset at skolen tek omsyn til at elevane er ulike og lærer i ulikt tempo og med ulik progresjon. Det krev kunnskap om korleis elevar lærer, kva dei kan frå før, og føreset tett oppfølging av den enkelte. Elevar som opplever meistring, blir motiverte til å bli meir uthaldande og sjølvstendige. Prøving og feiling kan vere ei kjelde til læring og erkjenning, og elevane skal bli oppfordra til å prøve seg òg når det er usikkert om dei vil lykkast. Det er skolen si oppgåve å gi elevane tryggleik til å krysse grenser og prøve noko vanskeleg.
Vurderinga av den faglege kompetansen til elevane skal gi eit bilete av kva elevane kan, men eit sentralt formål med vurderinga er òg å fremje læring og utvikling. Kartlegging og observasjon av elevane er verkemiddel for å følgje opp den enkelte og for utvikling av praksisen i skolen. Det har likevel liten verdi dersom det ikkje blir følgt opp med konstruktive tiltak. Skolen og lærarane må balansere behovet for god informasjon om læringa til elevane og uønskte konsekvensar av ulike vurderingssituasjonar. Uheldig bruk av vurdering kan svekkje sjølvbiletet til den enkelte og hindre utvikling av eit godt læringsmiljø.
Tilpassa opplæring er tilrettelegging som skolen gjer for å sikre at alle elevar får best mogleg utbytte av den ordinære opplæringa. Skolen skal blant anna tilpasse opplæringa gjennom arbeidsformer og pedagogiske metodar, bruk av læremiddel, organisering, og i arbeidet med læringsmiljøet, læreplanar og vurdering. Lærarane må bruke eit godt fagleg skjønn i arbeidet med å tilpasse opplæringa.
God vurdering, der forventningane er tydelege og eleven deltek og blir høyrd undervegs i læringsarbeidet, er ein nøkkel til å tilpasse undervisninga. Lærarane skal i undervisninga si støtte og rettleie elevane til å kunne setje seg mål, velje eigna framgangsmåtar og vurdere si eiga utvikling. Skolen må planleggje for ein god samanheng i læringa til elevane i dei ulike faga og for at opplæringa blir opplevd som både overkommeleg og tilstrekkeleg utfordrande.
Tilpassa opplæring gjeld alle elevar og skal i størst mogleg grad skje gjennom variasjon og tilpassingar til mangfaldet i elevgruppa innanfor fellesskapen. Elevar som har behov for tilrettelegging utover det ordinære tilbodet, har krav på spesialundervisning. Elevar kan streve, og det kan oppstå ulike problem med å lære gjennom heile opplæringsløpet. Lærarane kan få god støtte frå andre yrkesgrupper både til å avdekkje utfordringar og til å gi elevane den hjelpa dei treng. Det kan vere avgjerande for utviklinga til eleven at tiltak blir sette inn så raskt som mogleg når utfordringane blir oppdaga.