God kommunikasjon mellom heim og skole bidrar positivt til skolen sitt arbeid med læringsmiljøet og til oppvekstmiljøet til elevane. Foreldre og føresette har hovudansvaret for oppdraginga av og utviklinga til barnet. Dei er dei viktigaste omsorgspersonane for barna og ungdommane og har kunnskap som skolen kan bruke for å støtte danninga, læringa og utviklinga til eleven. Skolen har det overordna ansvaret for å ta initiativet til og leggje til rette for samarbeid. Dette inneber å sørgje for at foreldre og føresette får nødvendig informasjon, og for at dei får høve til å påverke skolekvardagen til barna sine.
Haldninga til skole i heimen er særs viktig for engasjementet og skoleinnsatsen til elevane. Foreldre og føresette møter skolen med ulike behov, forventningar og meiningar om målet med skolen og praksisen i skolen. Det kan skape spenningar som kan vere krevjande for skolen å handtere. Skolen må gi tydeleg uttrykk for kva han skal og kan tilby, og kva som er forventa av heimen. God og tillitsfull dialog er eit gjensidig ansvar. Skolen må likevel ta omsyn til at ikkje alle elevar har same høve til å få hjelp og støtte i heimen.