Opplæring i lærebedrift er ein del av opplæringsløpet til lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar. I tillegg vil mange elevar i løpet av grunnopplæringa få delar av opplæringa i arbeidslivet. Fag- og yrkesopplæringa skal danne og utdanne dyktige, kunnskapsrike, kreative og nyskapande fagarbeidarar. Arbeidslivet er mangfaldig og gir verdifulle erfaringar. Lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar skal oppleve og ta del i tradisjonane, verdiane og kulturen i lærebedrifta og i faget.
Elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar møter arbeidslivet med ulike læreføresetnader og behov. Eit godt samarbeid mellom skole og arbeidsliv aukar moglegheitene for at fleire skal kunne ta aktivt del i eiga opplæring og opparbeide tilhøyrsle til arbeidsliv og samfunnsliv. Samarbeid skaper òg gjensidig forståing og fremjar målet med opplæringa om å førebu den enkelte på eit framtidig yrkesliv.