Skolen som samfunnsinstitusjon er forplikta til å byggje på og praktisere verdiane og prinsippa for grunnopplæringa. Skoleeigarar, skoleleiarar og lærarar har ut frå sine ulike roller eit felles ansvar for å leggje til rette for god utvikling i skolen. Dei må saman sørgje for at praksisen i skolen er i samsvar med heile læreplanverket. Godt og systematisk samarbeid mellom barnehage og skole, dei ulike nivåa i opplæringsløpet og mellom skole og heim bidrar til å lette overgangen mellom trinna.
Ein lærar er ein rollemodell som skal skape tryggleik og rettleie elevane på ferda deira gjennom opplæringa. Læraren er avgjerande for eit læringsmiljø som motiverer og bidrar til at elevane lærer og utviklar seg. Det krev at læraren viser omsorg for kvar enkelt elev. Det inneber òg å hjelpe elevar som tek uheldige val, ikkje kjenner seg inkluderte eller som strevar med å lære det som er ønskt og forventa. Ved å arbeide for samhald og tilhøyrsle blant elevane skal læraren bidra til å utvikle ein kultur for læring og gi elevane fagleg og emosjonell støtte.
Læreprofesjonen byggjer profesjonsutøvinga si på felles verdiar og eit felles forskings- og erfaringsbasert kunnskapsgrunnlag. Profesjonen og den enkelte læraren forvaltar eit ansvar for å utøve skjønn i komplekse spørsmål. Lærarar og leiarar utviklar fagleg, pedagogisk, didaktisk og fagdidaktisk dømmekraft i dialog og samhandling med kollegaer. Utøving og utvikling av det profesjonelle skjønnet skjer både individuelt og saman med andre. Fagleg dømmekraft føreset òg jamleg oppdatering. Lærarprofesjonen må derfor vurdere den pedagogiske praksisen sin for å møte enkeltelevar og elevgrupper best mogleg.
Kompliserte pedagogiske spørsmål har sjeldan sikre svar. Dei tilsette i skolen må derfor ha aksept og rom for å bruke vurderingsevna si i yrkesutøvinga. Lærarar må tenkje nøye over kva, korleis og kvifor elevane lærer, og korleis dei best mogleg kan leie og støtte læringa, utviklinga og danninga til elevane. Lærarar som i fellesskap reflekterer over og vurderer planlegging og gjennomføring av undervisninga, utviklar ei rikare forståing av god pedagogisk praksis. Dette må gjerast med utgangspunkt i både kunnskapsgrunnlaget til profesjonen og verdigrunnlaget i grunnopplæringa.
Det profesjonelle samarbeidet ved skolane føreset god leiing. God skoleleiing føreset igjen leiingsfagleg legitimitet og god forståing av pedagogiske og andre utfordringar lærarane og andre tilsette står overfor. God leiing prioriterer utvikling av samarbeid og relasjonar for å byggje tillit i organisasjonen. Skoleleiinga skal gi retning for og leggje til rette for elevane og lærarane si læring og utvikling. Skoleleiinga skal leie det pedagogiske og faglege samarbeidet mellom lærarane og bidra til å utvikle eit stabilt og positivt miljø der alle har lyst til å yte sitt beste. Det er skoleleiinga si oppgåve å leie slik at alle får brukt dei sterke sidene sine, opplever meistring og utviklar seg.
God skoleutvikling krev rom for å stille spørsmål og leite etter svar og ein profesjonsfellesskap som er oppteken av korleis praksisen i skolen bidrar til at elevane lærer og utviklar seg. Alle tilsette i skolen må ta aktivt del i den profesjonelle læringsfellesskapen for å vidareutvikle skolen. Det inneber at fellesskapen reflekterer over verdival og utviklingsbehov, og bruker forsking, erfaringsbasert kunnskap og etiske vurderingar som grunnlag for målretta tiltak. Velutvikla strukturar for samarbeid, støtte og rettleiing mellom kollegaer og på tvers av skolar fremjar ein delings- og læringskultur.
Det er gjennom det daglege møtet mellom elevar og lærarar at det breie formålet med skolen blir realisert. Lærarar vil i konkrete opplæringssituasjonar oppleve spenningar mellom ulike formål og verdiar. Dei må heile tida gjere krevjande avvegingar mellom omsynet til den enkelte eleven og omsynet til fellesskapen, mellom å støtte og stille krav, mellom skolekvardagen her og no og arbeidet med å førebu for framtida. Alle elevar er ulike, og kva som er eleven sitt beste, er eit kjernespørsmål i all opplæring. Dette spørsmålet må alle som jobbar i skolen, svare på på nytt kvar dag.