Skolen skal møte elevane med tillit, respekt og krav, og dei skal få utfordringar som fremjar danning og lærelyst. For å lykkast med dette må skolen byggje eit godt læringsmiljø og tilpasse undervisninga i samarbeid med elevane og heimane. Det krev ein profesjonsfellesskap som engasjerer seg i skolen si utvikling.