Formålsparagrafen byggjer på at menneskeverdet er ukrenkjeleg, og at alle menneske er like mykje verde, uavhengig av kva som elles skil oss. Når lærarar viser omsorg for elevane og ser den enkelte, blir menneskeverdet anerkjent som ein grunnleggjande verdi for skolen og samfunnet.
Menneskerettane har sitt grunnlag i menneskeverdet og er ein viktig del av fundamentet for rettsstaten. Dei byggjer på universelle verdiar som gjeld for alle uansett kven dei er, kvar dei kjem frå, og kvar dei held til. Barnekonvensjonen er ein del av menneskerettane og gir barn og unge eit særleg vern. Opplæringa må vere i samsvar med menneskerettane, samtidig som elevane skal tileigne seg kunnskap om menneskerettane.
Likeverd og likestilling er verdiar som er kjempa fram gjennom historia, og som framleis må takast vare på og styrkjast. Skolen skal formidle kunnskap og fremje haldningar som sikrar desse verdiane. Alle elevar skal behandlast likeverdig, og ingen elevar skal bli utsette for diskriminering. Elevane skal òg få likeverdige moglegheiter slik at dei kan ta sjølvstendige val. Skolen skal ta omsyn til mangfaldet av elevar og leggje til rette for at alle får oppleve tilhøyrsle i skole og samfunn. Vi kan alle oppleve at vi skil oss ut og kjenner oss annleis. Derfor er vi avhengige av at ulikskapar blir anerkjende og verdsette.
Menneske er sårbare og feilbarlege. Tilgiving, nestekjærleik og solidaritet er nødvendig for at menneske skal vekse og utvikle seg. Overtydinga og samvitet til kvar enkelt skal takast på alvor, slik at alle kan tenkje, tru og ytre seg fritt. Elevane skal sjølv bidra til å vareta menneskeverdet og reflektere over korleis dei kan hindre at det blir krenkt.