Innsikt i historia og kulturen vår er viktig for at elevane utviklar identitet, og skaper tilhøyrsle til samfunnet. Elevane skal lære å kjenne dei verdiane og tradisjonane som bidrar til å samle menneska i landet. Kristen og humanistisk arv og tradisjon er ein viktig del av den samla kulturarven i landet og har spelt ei sentral rolle for utviklinga av demokratiet vårt. Den samiske kulturarven er ein del av kulturarven i Noreg. Vår felles kulturarv har utvikla seg gjennom historia og skal forvaltast av nolevande og kommande generasjonar.
Felles referanserammer er viktig for at den enkelte skal kjenne tilhøyrsle til samfunnet. Dette skaper samhald og forankrar identiteten til den enkelte i ein større fellesskap og i ein historisk samanheng. Ei felles ramme gir og skal gi rom for mangfald, og elevane skal få innsikt i korleis vi lever saman med ulike perspektiv, haldningar og syn på livet. Dei erfaringane elevane får i møte med ulike kulturuttrykk og tradisjonar, bidrar til å forme identiteten deira. Eit godt samfunn er tufta på ein inkluderande og mangfaldig fellesskap.
Opplæringa skal sikre at elevane blir trygge språkbrukarar, at dei utviklar den språklege identiteten sin, og at dei kan bruke språk for å tenkje, skape meining, kommunisere og knyte band til andre. Språk gir oss tilhøyrsle og kulturell bevisstheit. I Noreg er norsk og dei samiske språka sør-, lule- og nordsamisk likeverdige. Norsk omfattar dei likestilte skriftspråka bokmål og nynorsk. Norsk teiknspråk er anerkjent som eit fullverdig språk i Noreg. Kunnskap om det språklege mangfaldet i samfunnet gir alle elevar verdifull innsikt i ulike uttrykksformer, idear og tradisjonar. Alle elevar skal få erfare at det å kunne fleire språk er ein ressurs i skolen og i samfunnet.
Gjennom opplæringa skal elevane få innsikt i historia, kulturen, samfunnslivet og rettane til det samiske urfolket. Elevane skal lære om mangfald og variasjon innanfor samisk kultur og samfunnsliv.
Fem folkegrupper med hundreårlang tilknyting til Noreg har status som nasjonale minoritetar i tråd med dei internasjonale forpliktingane våre: jødar, kvenar/norskfinnar, skogfinnar, rom og romanifolket/taterar. Desse folkegruppene har bidratt til å forme den norske kulturarven, og opplæringa skal gi kunnskap om desse folkegruppene.
Gjennom alle tider har det norske samfunnet blitt påverka av ulike strøymingar og kulturtradisjonar. I ei tid der befolkninga er meir samansett enn nokon gong, og der verda blir knytt tettare saman, blir språkkunnskapar og kulturforståing stadig viktigare. Skolen skal støtte utviklinga av identiteten hos den enkelte, gjere elevane trygge på eigen ståstad, samtidig som han skal formidle felles verdiar som trengst for å møte og delta i mangfaldet, og opne dører mot verda og framtida.