Opplæringa skal gi elevane ei forståing av kritisk og vitskapleg tenking. Kritisk og vitskapleg tenking inneber å bruke fornufta på ein undersøkjande og systematisk måte i møte med konkrete praktiske utfordringar, fenomen, ytringar og kunnskapsformer. Opplæringa skal skape ei forståing av at metodane for å undersøkje verkelegheita må tilpassast det vi ønskjer å studere, og at val av metode påverkar det vi ser.
Om ny innsikt skal vekse fram, må etablerte idear granskast og kritiserast med teoriar, metodar, argument, erfaringar og bevis. Elevane skal kunne vurdere ulike kjelder til kunnskap og tenkje kritisk om korleis kunnskap blir utvikla. Dei skal òg kunne forstå at deira eigna erfaringar, standpunkt og overtydingar kan vere ufullstendige eller feilaktige. Kritisk refleksjon føreset kunnskap, men gir samtidig rom for usikkerheit og uføreseielegheit. Opplæringa må derfor søkje ein balanse mellom respekt for etablert kunnskap og den utforskande og kreative tenkinga som krevst for å utvikle ny kunnskap.
Etisk bevisstheit er å vege ulike omsyn mot kvarandre og er nødvendig for å vere eit reflektert og ansvarleg menneske. Opplæringa skal utvikle evna elevane har til å gjere etiske vurderingar, og gjere dei fortrulege med etiske problemstillingar.
Kritisk tenking og etisk bevisstheit er både ein føresetnad for og ein del av det å lære i mange ulike samanhengar, og bidrar til at elevane utviklar god dømmekraft. Praktisk yrkesutøving og kunstnarisk arbeid krev òg evne til å reflektere og gjere vurderingar.