Barn og unge er nyfikne og ønskjer å oppdage og skape. I opplæringa skal elevane få rike høve til å utvikle engasjement og utforskartrong. Evna til å stille spørsmål, utforske og eksperimentere er viktig for djupnelæring. Skolen skal respektere og dyrke fram ulike måtar å utforske og skape på. Elevane skal lære og utvikle seg gjennom sansing og tenking, estetiske uttrykksformer og praktiske aktivitetar. For dei yngste barna i skolen er leik nødvendig for trivsel og utvikling, men òg i opplæringa som heilskap gir leik moglegheiter til kreativ og meiningsfylt læring.
Kreative og skapande evner bidrar til å gjere samfunnet rikare. Samarbeid inspirerer til nytenking og entreprenørskap, slik at nye idear kan omsetjast til handling. Elevar som lærer om og gjennom skapande verksemd, utviklar evna til å uttrykkje seg på ulike måtar og til å løyse problem og stille nye spørsmål.
Kunst og kultur omfattar mange skapande og kreative fagområde, som påverkar både dei fysiske omgivnadene våre og samfunnsutviklinga. Den estetiske sansen vår blir utvikla i møte med ulike kulturelle uttrykk, og dei bidrar til å løfte fram nye perspektiv. Kunst- og kulturuttrykk har òg betydning for den personlege utviklinga hos den enkelte. Kulturelle opplevingar har ein eigenverdi, og elevane skal få oppleve eit variert spekter av kulturuttrykk gjennom tida si i skolen.
I eit større perspektiv er skapande læringsprosessar òg ein føresetnad for danninga og identitetsutviklinga til elevane. Skolen skal verdsetje og stimulere vitelysta og skaparkrafta til elevane, og elevane skal få bruke dei skapande kreftene sine gjennom heile grunnopplæringa.