Mennesket er ein del av naturen og har ansvar for å forvalte han på ein forsvarleg måte. Gjennom opplæringa skal elevane få kunnskap om og utvikle respekt for naturen. Dei skal få oppleve naturen og sjå han som ei kjelde til nytte, glede, helse og læring. Elevane skal utvikle bevisstheit om korleis levesettet til menneska påverkar naturen og klimaet, og dermed òg samfunna våre. Skolen skal bidra til at elevane utviklar vilje til å ta vare på miljøet.
Barn og unge skal handtere dagens og morgondagens utfordringar, og vår felles framtid er avhengig av at kommande generasjonar tek vare på kloden. Globale klimaendringar, forureining og tap av biologisk mangfald er blant dei største miljøtruslane i verda. Desse utfordringane må løysast i fellesskap. Vi treng kunnskap, etisk bevisstheit og teknologisk innovasjon for å finne løysingar og gjere nødvendige endringar i levesettet vårt for å ta vare på livet på jorda.