Opplæringa skal fremje oppslutning om demokratiske verdiar og demokratiet som styreform. Ho skal gi elevane forståing for spelereglane i demokratiet og betydninga av å halde desse i hevd. Å delta i samfunnet inneber å respektere og slutte opp om grunnleggjande demokratiske verdiar som gjensidig respekt, toleranse, trus- og ytringsfridom for den enkelte og frie val. Demokratiske verdiar må fremjast gjennom aktiv deltaking i heile opplæringsløpet.
Skolen skal fremje demokratiske verdiar og haldningar som motvekt mot fordommar og diskriminering. Skolen skal òg skape respekt for at menneske er ulike, og elevane skal lære å løyse konfliktar på ein fredeleg måte.
Eit demokratisk samfunn kviler på at heile befolkninga har like rettar og moglegheiter til å delta i avgjerdsprosessar. Vern av mindretalet er eit avgjerande prinsipp i ein demokratisk rettsstat og eit demokratisk samfunn. Eit demokratisk samfunn vernar òg om urfolk og minoritetar. Urfolksperspektivet er ein del av demokratiopplæringa til elevane. Alle deltakarane i skolefellesskapen må utvikle bevisstheit om både minoritets- og majoritetsperspektiv og skape rom for samarbeid, dialog og meiningsbryting. Arbeidet med å dyrke mangfaldet på den eine sida og inkludere den enkelte på den andre krev eit bevisst verdisyn og utøving av profesjonelt skjønn.
Skolen skal vere ein stad der barn og unge opplever demokrati i praksis. Elevane skal erfare at dei blir lytta til i skolekvardagen, at dei har reell innverknad, og at dei kan påverke det som vedkjem dei. Dei skal få erfaring med og praktisere ulike former for demokratisk deltaking og medverknad, både i det daglege arbeidet i faga og gjennom til dømes elevråd og andre rådsorgan. Dialogen mellom lærar og elev, og mellom skole og heim, må vere basert på gjensidig respekt. Når stemma til elevane blir høyrd i skolen, opplever dei korleis dei sjølv kan ta eigne bevisste val. Slike erfaringar har ein verdi her og no og førebur elevane på å bli ansvarlege samfunnsborgarar.