Når elevane forstår sine eigne læringsprosessar og den faglege utviklinga si, bidrar det til sjølvstende og meistringskjensle. Opplæringa skal fremje motivasjonen, haldningane og læringsstrategiane til elevane og leggje grunnlaget for læring heile livet. Det krev at lærarane følgjer utviklinga til elevane tett og gir dei støtte tilpassa alderen, modenskaps- og funksjonsnivået deira.
Ved å reflektere over eiga og andre si læring kan elevar litt etter litt utvikle bevisstheit om eigne læringsprosessar. Elevar som lærer å formulere spørsmål, søkje svar og uttrykkje forståinga si på ulike måtar, vil gradvis kunne ta ei aktiv rolle i eiga læring og utvikling. Gjennom arbeid med faglege utfordringar vil elevane få kunnskap om korleis dei lærer og utviklar seg i faget. Elevane utviklar djupare innsikt når dei ser samanhengar mellom kunnskapsområde, og når dei meistrar eit mangfald av strategiar for å tileigne seg, dele og vere kritiske til kunnskap.
Trass i eigeninnsats og bruk av læringsstrategiar vil enkelte elevar ha utfordringar med å lære. Årsakene er ofte mange og samansette. Ambisjonen om å utvikle evna til livslang læring hos alle elevar krev derfor ei brei tilnærming frå skolen.