Programmering og modellering X (PRM01‑02)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i programmering og modellering X inneber å kunne bruke relevant fagterminologi til å formidle og diskutere modelleringsprosessar, algoritmar og programkode. Det inneber òg å uttrykkje samanhengar og logikk i eigen og andre sin programkode på ein klar og strukturert måte. Vidare inneber det å drøfte og vurdere ulike strategiar for problemløysing.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i programmering og modellering X inneber å kunne omsetje tenkjemåtar og prosessar til ein godt strukturert og lesbar programkode. Vidare inneber det å skildre og formidle algoritmar, prosessar og resultat med eit presist fagspråk. Det inneber òg å gjere greie for, vurdere og drøfte premissar og avgrensingar for modellar.
Å kunne lese
Å kunne lese i programmering og modellering X inneber å analysere resultat frå program. Det inneber òg å tolke grafiske visualiseringar og resultat for å vurdere om ein modell er gyldig. Vidare inneber det å setje seg inn i og forstå programkode som er skriven av andre.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i programmering og modellering X inneber å utvikle eit grunnlag av verktøy og strategiar for å løyse problem med og utan digitale verktøy. Det inneber å bruke programmering til å skildre matematiske samanhengar og gjennomføre utrekningar. Vidare inneber det å nytte numeriske løysingsmetodar der det er formålstenleg eller nødvendig for den problemstillinga som skal utforskast.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i programmering og modellering X inneber å kunne bruke programmering til problemløysing, utforsking og kreativt arbeid med matematiske modellar. Det inneber òg å bruke digitale ressursar til å strukturere, dokumentere, kvalitetssikre og dele arbeid.