vg2 røyrleggjar (RLF02‑01)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter varmeteknikk
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- gjere greie for ulike vassborne energisystem og drøfte energisparande tiltak og alternative fornybare energikjelder
- sveise og føye saman røyr med ulike metodar, vurdere branntryggleik og gjennomføre tiltak
- teikne eit varmeanlegg, gjennomføre ei forenkla utrekning av varmebehovet og dokumentere dette
- byggje og trykkprøve eit enkelt vassbore varmeanlegg, gjere greie for korleis komponentane i eit varmeanlegg verkar, og gjennomføre regulering av vassmengdene
- fylle opp og starte eit vassbore varmeanlegg og drøfte konsekvensane for vasskvaliteten og driftssikkerheita i anlegget
- gjennomføre isolering av eit varmeanlegg og drøfte korleis ulike typar isolering kan vere energisparande
- utforske korleis automatikk og styring fungerer på varmeanlegg
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i programfaget varmeteknikk når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer fleire eller alle programfaga. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga til elevane i programfaget varmeteknikk. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og til å reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i programfaget varmeteknikk ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i programfaget varmeteknikk basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.