Røyrleggjarfaget (RLF03‑02)
Tverrfaglege tema
Berekraftig utvikling
I vg3 røyrleggjarfaget handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om å utnytte restenergi og bruke framtidsretta tekniske løysingar for å redusere vass- og energiforbruket. Det handlar òg om å velje energisparande tiltak ut frå miljøomsyn og ta i bruk materiale som gir energieffektive konstruksjonar. Ved å utdanne yrkesutøvarar som skaper bustader med livsløpsstandard, bidreg faget òg til ei berekraftig utvikling.