Vg1 restaurant- og matfag (RMF01‑03)
Fagrelevans og sentrale verdiar
Vg1 restaurant- og matfag handlar om å forstå mat og drikke som kulturberarar og er viktig for identiteten til den enkelte. Programfaga gir elevane grunnleggjande kunnskap om ulike produksjonsmetodar, om mattryggleik og om sal av varer og tenester i tråd med dei behova kundane har. Programfaga skal vere med på å utvikle sjølvstendige og omstillingsdyktige fagarbeidarar og dekkje det framtidige behovet for arbeidskraft i restaurant- og matbransjen.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget for opplæringa. Vg1 restaurant- og matfag skal støtte og medverke til sosial læring og utvikling hos elevane. Gjennom kritisk tenking, medverknad og praktiske arbeidsoppgåver skal programfaga gi elevane auka innsikt i norsk, samisk og internasjonal matkultur. Programfaga skal òg gi kunnskap om at levemåten til menneska påverkar naturen, klimaet og samfunnet, og at profesjonell matproduksjon set spor etter seg både i samfunnet og i enkeltmenneska. Vg1 restaurant- og matfag skal bidra til å gi kunnskap om korleis partane i arbeidslivet samarbeider for å utvikle eit betre arbeidsliv.